Haugtussa på Det Norske Teatret
Ane Dahl Torp har kasta seg over Arne Garborgs store og medrivande diktsyklus om Haugtussa. Ho har klipt og limt i teksten, og no vil ho kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Sjur Miljeteig. Saman har dei laga eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen. På Det Norske Teatret, Scene 3, frå 14. november. Les meir og kjøp billettar her:
|
|